tirsdag 1. juli 2014

TANKAR


Dikt skrevet av Anne Stølen (kusinen til min morfar)


Tankane fær so vide
her i mitt eige sinn.

Her må du vente og bie,
Tanken er berre min.

 
Tankar so mangt dei gøymde
både av vondt og godt.  
Dei kjempa sin kamp i det løynde,

so mangt eit slag har det stått.

 
Tankar… og tankane gode
kan fyribu so mykje og mangt.

Dei gav oss krafti og motet
til alt som var godt og sant.

 
Tankane flyg som fuglar,
finn ikkje alltid ord,

men gjev då at all min tanke

må finnast i rette spor.





 

1 kommentar: